Nørretranders om Nettet |
Af
Anders Ericson
email: anders.ericson@bibtils.no
|
Jeg sender denne bokanmeldelsen
jeg hadde i det norske tidsskriftet "Bok og bibliotek" nr. 8/97:
Nørretranders om Nettet Den kjende danske vitskapsjournalisten Tor Nørretranders kom i november med ny bok - om Internett - sjølvsagt. "Stedet som ikke er" er ei innsiktsfull, engasjert og spanande bok, både når ho handlar om Nettet i går, i dag og i framtida. Boka er eigentleg skrive for dei som ikke kjenner Nettet, seier han. Følgjeleg går han grundig og detaljert gjennom førhistoria til Internettet. Han skriv om dei meinige dataingeniørane og funksjonærane som, utan å ane følgjene for det sivile livet tretti år seinare, sat og pønska ut prinsipp for eit hemmeleg og svært spesielt informasjonsnettverk. Eit militært nettverk som skulle redusere faren for at ein annan raskt aksellererande teknologi skulle bli brukt, nemleg atomvåpenteknologien. Mykje av dette har dei samfunnsinteresserte nettomanane lese før. Dei som til dømes les Wired, på papir eller skjerm. Men det er grunn til å frykte at dei fleste nettfrikane nettopp ikkje les historie. For dei teljer berre framtida. Derfor bør dei få akkurat denne boka lagt i handa, der dei sit i tidsskriftavdelinga og slåst om PC-World og Mac User. Og dei vil ikkje hive boka vekk med det første heller, for Nørretranders er frelst, kort og godt. Han trur på det heilage og alminnelege Nettet. Han trur på den gode internasjonalismen som vil følgje av det, han trur på det frie og anarkistiske prinsippet det er bygd opp etter. Han trur det vil føre til større nærdemokrati. Stikk i strid med slike som vår eigen Erling Fossen ("Marx i Cyberspace", Tiden, 1995), trur han ikkje på storbyanes endelege triumf, men meiner Internett vil gjere distrikta levedyktige igjen. Informasjonsamfunn bør det ikkje heite, meiner han. "Det er dybest set noget sludder. For det er ikke information, der vil blive den mest efterspurgte og knappe ressource fremover; det er opmærksomhed". Etter kvart som vi vil produsere materielle gode stadig meir effektivt og billegare, vil vi få stadig meir tid til å bruke informasjon. Når det ikkje lenger er mangel på verken mat, materielle gode eller informasjon, vil suksess og status i samfunnet kome til dei som kan gje bort den beste informasjonen - dei beste peikarane på Nettet! Status blir å bidra til felleskapen med kunnskap, kultur og debatt. Når vi sit der med 3-4 timars arbeidsdag, er det kan hende ikkje så umuleg å tenkje seg? I alle fall bør bibliotekaryrket få høgare status då. Vi som til no berre har kunna tilby gratis boklån som gjenyting til elektrikarsvogeren som fiksa ny kurs på badet... Desse rett fram utopiske sluttkapitla til Nørretranders har sjølvsagt skapt debatt. Det kan eg lett fortelje frå ståstaden min ved Oslofjorden, berre to veker etter at boka kom ut. For forfattaren har ein "Efterskrift" i boka, der det ganske enkelt står: http://www.stedetsomikkeer.dk. Der har han, sjølvsagt, oppretta ei diskusjonsgruppe som time for time samlar synspunkta til den meir eller mindre opplyste danske ålmenta. Boka til Nørretranders er i seg sjølv det aller beste beviset på at Internett verkeleg er viktig. Fotnotane i boka er overstrødd med peikarar til fyldige og bånn solide, gratis tilgjengelege kunnskapskjelder på dei områda han skriv om. Han opnar her heilt nye perspektiv for kjeldegranskarar og kritikarar! Den klare styrken til Nørretranders, også ved dette høvet, er den breie kunnskapen hans innan både natur- og samfunnsvitskap, for ikkje å seie filosofi. Han gjev så mange innfallsvinklar. I tillegg kan han det med å popularisere, så godt at jamvel ein nesten-dumpekandidat i fysikk og matte fekk med seg svært mykje også av den filosofisk-fysisk-psykologiske mursteinen hans "Merk verden"(Cappelen, 1992). Dei to andre bøkene i same sjangeren som har kome på norsk, Nicholas Negropontes "Leve digitalt" og Clifford Stolls "Nettspenning" er greie nok på kvart sitt vis, men begge er så nordamerikanske at ein får heimlengt til telemonopol og fårikål etter dei fem første sidene. Men Nørretranders er skandinav og europear. Han set ideane sine i sving i småbyen Thy på Jylland og Nuuk på Grønland. Anders Ericson
Nørretranders, Tor: Stedet som ikke er - Fremtidens nærvær, netværk
og Internet. |